Monday, December 7, 2015

Korleis spare pengar vol. 2

Fordi vi nå har meir erfaring med å bu i storbyen, vil vi kome med eit par tilleggstips til korleis ein kan spare pengar. Når du har betalt husleie, straumrekning og andre viktige ting, kan du merke at det blir litt knapt med pengar.

  • Prioriter dei viktige tinga, som ein cocktailshaker og fine blåe vaser du finn på Fretex (det er jo faktisk billigare enn å kjøpe nytt, pluss at den vasa var kjempefin!)
  • Bruk eit par tusen på tatovering, ho varar tross alt livet ut, så ein kan seie det er ei investering i framtida.
  • Kjøp mindre mat. Det finst alltid noko bakerst i skapet eller i frysaren.
  • Skaff deg ein kjærast som bur i Bergen. Reiseutgiftane dine er fullstendig verd det!
  • Prioriter øl. Viss du blir deprimert av å sjå på bankkontoen din, vil du alltids kome i betre humør om du drikk ei øl. Eller to. Eller tre. Eller ti.
  • Marit sitt beste tips: Besøk pappa. Han bur så avsides til at du ikkje får sjansen til å bruke pengar. I tillegg gidd han å kjøpe snus til deg og betale for togreisa.