Showing posts with label Generelle livstips. Show all posts
Showing posts with label Generelle livstips. Show all posts

Friday, September 4, 2015

Korleis ikkje vera ein rasistisk dritsekk

Eg har hatt ein plan om å skrive eit innlegg som er litt meir seriøst enn det vi vanlegvis driv med her på #Livet. Eg har lyst til å ta opp korleis folk uttrykkjer seg om tema som innvandring, spesielt om flyktningane som nå kjem frå Syria. Eg har sett så mange usaklege og beint ut rasistiske ytringar frå vener på facebook. Eg har kjent at det stikk i hjartet mitt kvar gong. Korleis kan så mange av folk eg trur eg kjenner vise seg å vera så rasistiske og uvitande? Det har enda med at eg berre slettar dei. Det endrar ikkje deira haldningar, men eg taklar ikkje å måtte sjå kor hatefulle menneske kan vera kvar dag.

Det som overraskar meg mest er at det er så mange som trur dei kan forsvare alt dei seier med ytringsfridom. Som om ytringsfridomen gjer det lov å diskriminere andre menneske. Som om det er greit å kalle muslimar for terroristar. Som om det er ok å truge med å bombe asylmottak i Noreg, fordi flyktningane som kjem til Noreg har jo ein plan om å bombe oss uansett.

Det er så utruleg mykje kunnskap som manglar, og det er tydeleg at uvitenheita og framandfrykta rår. Eg tykkjer det er skummelt. Det er skummelt at folk som har eit trygt liv i Noreg, kan vera så redd alt som finst utanfor våre landegrenser. Det er skummelt å tenkje på kva dei kan få seg til å gjera med dei haldningane dei har. Ein skal ikkje vera nøydd å minne folk på kven det var som stod bak 22. juli-angrepet da alle trudde det var ein innvandrar..

Nå merkar eg at eg kanskje drog det litt langt. Eg blir berre sint av heile greia, og burde derfor berre stoppe nå. Til slutt tykkjer eg alle kan ta ein titt på Morgonbladet sine ti råd for ein anstendig debatt. Det er altså dagens tips til dykk. Takk for meg. (Lovar å ikkje vera like sint og seriøs neste gong)

Thursday, September 3, 2015