Tuesday, September 1, 2015

Korleis bli kjend med faddergruppa si

Studiet er allereie i gang, så dette er kanskje ikkje like aktuelt nå. Men det kan jo hende at ein framleis treng tips om korleis ein blir kjend med sine medstudentar, spesielt dei i faddergruppa si.

Marit sine tips:

  • Kjøp masse drikke og møt opp på det fyrste vorset
  • Drikk deg full
  • Gjer eit forsøk på å prate med folk
  • Om det ikkje gjer noko nytte, trekk deg unna for å sende meldingar til din altfor fulle sambuar som prøvar å kome seg heimatt (les Jenny)
  • Når du trur sambuaren har kome seg trygt heim, kan du gjera eit nytt forsøk på å prate med folk
  • Bli med faddergruppa ut på byen og prøv å sosialiser deg
  • Eit godt tips: når du endeleg har kome deg til Studentersamfunnet og du møter på ein kjenning frå heimbygda, er det best å stikke frå heile faddergruppa og henge med han i staden
  • Om du enda ikkje har vorte kjend med nokon i faddergruppa di, er det berre ein ting å gjera: resten av veka kan du feste med ei anna faddergruppe. Det Historiske Selskab tek deg veldig godt imot!


Jenny sine tips:

  • Ta med deg store mengdar poløl til det fyrste vorset
  • Drikk alt dei fyrste to timane
  • Bli så overstadig berusa at du ikkje veit kva buss du skal på
  • Når du har nådd førre punkt, ring sambuaren din for å høyre kva buss ein bør ta for å kome seg heim
  • Lyg til alle om at du skal på eit anna vors (ingen skjønar jo at du er dritfull)
  • Sov deretter 1,5 time på bussen
  • Viktig punkt: når du har teke bussen eit par rundar, vakn rett før stoppet ditt
  • Legg deg i senga og send nattamelding til mor di (22:59)

No comments:

Post a Comment