Wednesday, September 2, 2015

Korleis spare pengar

Som student merkar ein viktigheita av å handle økonomisk. Når ein må overleve på stipend ser ein at ein ikkje lenger har så mykje å rutte med. Våre erfaringar har gjort oss mykje flinkare til å bruke pengane rett. Her kjem difor nokre av våre beste tips

  • Drikk øl på byen, øl smakar jo mykje betre frå fat
  • Om du skal drikke øl heime, kjøp det på polet. Det er der du finn det gode ølet
  • Kjøp økologisk mjølk. Det er etisk rett. Det har ikkje noko å seie at du må tømme ut halve kartongen fordi kjøleskåpet ikkje er i orden
  • Kjøp inn mat på Ikea, for så å finne ut at det smakar dritt. Det var billig, men ikkje verd det
  • Finn nokon å gå heim frå byen med, er du heldig spanderar dei nattmat (ikkje gå heim med den same personen to gongar, neste gong er det jo din tur til å spandere) 
  • Du må alltid unne deg noko godt som belønning når du fyrst bestemmer deg for å lese i pensum
  • Kjøp alle pensumbøkene nye, fordi du ikkje skjønar korleis du får kjøpt dei brukt
  • Inviter til innflyttningsfest og server både mat og alkohol til gjestane dine (ekstra tips: dadlar og bacon er det billigaste alternativet)
  • Inviter foreldra dine på besøk, dei er garantert å spandere mat på deg (kanskje øl også, om du er like heldig som oss)
  • Kjøp klede brukt, på sal, ta imot alt du får arve av vennane dine eller berre ta det (ikkje frå butikken, det er ikkje så smart)
  • Gå på festival og drikk mykje øl
  • Ikkje få refundert pengane du har att på cashlesskortet, det er berre stress
  • Marit sitt beste tips: Kjøp 18 nye CDar i løpet av dei tre fyrste vekene, fordi det er noko du verkeleg treng
  • Jenny sitt beste tips: Ikkje planlegg å kjøpe snus, kjøp den heller på 7/11 til 95,- fordi butikken har stengd

No comments:

Post a Comment