Eg har hatt ein plan om å skrive eit innlegg som er litt meir seriøst enn det vi vanlegvis driv med her på #Livet. Eg har lyst til å ta opp korleis folk uttrykkjer seg om tema som innvandring, spesielt om flyktningane som nå kjem frå Syria. Eg har sett så mange usaklege og beint ut rasistiske ytringar frå vener på facebook. Eg har kjent at det stikk i hjartet mitt kvar gong. Korleis kan så mange av folk eg trur eg kjenner vise seg å vera så rasistiske og uvitande? Det har enda med at eg berre slettar dei. Det endrar ikkje deira haldningar, men eg taklar ikkje å måtte sjå kor hatefulle menneske kan vera kvar dag.
Det som overraskar meg mest er at det er så mange som trur dei kan forsvare alt dei seier med ytringsfridom. Som om ytringsfridomen gjer det lov å diskriminere andre menneske. Som om det er greit å kalle muslimar for terroristar. Som om det er ok å truge med å bombe asylmottak i Noreg, fordi flyktningane som kjem til Noreg har jo ein plan om å bombe oss uansett.
Det er så utruleg mykje kunnskap som manglar, og det er tydeleg at uvitenheita og framandfrykta rår. Eg tykkjer det er skummelt. Det er skummelt at folk som har eit trygt liv i Noreg, kan vera så redd alt som finst utanfor våre landegrenser. Det er skummelt å tenkje på kva dei kan få seg til å gjera med dei haldningane dei har. Ein skal ikkje vera nøydd å minne folk på kven det var som stod bak 22. juli-angrepet da alle trudde det var ein innvandrar..
Nå merkar eg at eg kanskje drog det litt langt. Eg blir berre sint av heile greia, og burde derfor berre stoppe nå. Til slutt tykkjer eg alle kan ta ein titt på Morgonbladet sine ti råd for ein anstendig debatt. Det er altså dagens tips til dykk. Takk for meg. (Lovar å ikkje vera like sint og seriøs neste gong)
Friday, September 4, 2015
Thursday, September 3, 2015
Wednesday, September 2, 2015
Korleis spare pengar
Som student merkar ein viktigheita av å handle økonomisk. Når ein må overleve på stipend ser ein at ein ikkje lenger har så mykje å rutte med. Våre erfaringar har gjort oss mykje flinkare til å bruke pengane rett. Her kjem difor nokre av våre beste tips
- Drikk øl på byen, øl smakar jo mykje betre frå fat
- Om du skal drikke øl heime, kjøp det på polet. Det er der du finn det gode ølet
- Kjøp økologisk mjølk. Det er etisk rett. Det har ikkje noko å seie at du må tømme ut halve kartongen fordi kjøleskåpet ikkje er i orden
- Kjøp inn mat på Ikea, for så å finne ut at det smakar dritt. Det var billig, men ikkje verd det
- Finn nokon å gå heim frå byen med, er du heldig spanderar dei nattmat (ikkje gå heim med den same personen to gongar, neste gong er det jo din tur til å spandere)
- Du må alltid unne deg noko godt som belønning når du fyrst bestemmer deg for å lese i pensum
- Kjøp alle pensumbøkene nye, fordi du ikkje skjønar korleis du får kjøpt dei brukt
- Inviter til innflyttningsfest og server både mat og alkohol til gjestane dine (ekstra tips: dadlar og bacon er det billigaste alternativet)
- Inviter foreldra dine på besøk, dei er garantert å spandere mat på deg (kanskje øl også, om du er like heldig som oss)
- Kjøp klede brukt, på sal, ta imot alt du får arve av vennane dine eller berre ta det (ikkje frå butikken, det er ikkje så smart)
- Gå på festival og drikk mykje øl
- Ikkje få refundert pengane du har att på cashlesskortet, det er berre stress
- Marit sitt beste tips: Kjøp 18 nye CDar i løpet av dei tre fyrste vekene, fordi det er noko du verkeleg treng
- Jenny sitt beste tips: Ikkje planlegg å kjøpe snus, kjøp den heller på 7/11 til 95,- fordi butikken har stengd
Tuesday, September 1, 2015
Korleis bli kjend med faddergruppa si
Studiet er allereie i gang, så dette er kanskje ikkje like aktuelt nå. Men det kan jo hende at ein framleis treng tips om korleis ein blir kjend med sine medstudentar, spesielt dei i faddergruppa si.
Marit sine tips:
Jenny sine tips:
Marit sine tips:
- Kjøp masse drikke og møt opp på det fyrste vorset
- Drikk deg full
- Gjer eit forsøk på å prate med folk
- Om det ikkje gjer noko nytte, trekk deg unna for å sende meldingar til din altfor fulle sambuar som prøvar å kome seg heimatt (les Jenny)
- Når du trur sambuaren har kome seg trygt heim, kan du gjera eit nytt forsøk på å prate med folk
- Bli med faddergruppa ut på byen og prøv å sosialiser deg
- Eit godt tips: når du endeleg har kome deg til Studentersamfunnet og du møter på ein kjenning frå heimbygda, er det best å stikke frå heile faddergruppa og henge med han i staden
- Om du enda ikkje har vorte kjend med nokon i faddergruppa di, er det berre ein ting å gjera: resten av veka kan du feste med ei anna faddergruppe. Det Historiske Selskab tek deg veldig godt imot!
Jenny sine tips:
- Ta med deg store mengdar poløl til det fyrste vorset
- Drikk alt dei fyrste to timane
- Bli så overstadig berusa at du ikkje veit kva buss du skal på
- Når du har nådd førre punkt, ring sambuaren din for å høyre kva buss ein bør ta for å kome seg heim
- Lyg til alle om at du skal på eit anna vors (ingen skjønar jo at du er dritfull)
- Sov deretter 1,5 time på bussen
- Viktig punkt: når du har teke bussen eit par rundar, vakn rett før stoppet ditt
- Legg deg i senga og send nattamelding til mor di (22:59)
Velkomen til livet
Vårt formål med denne bloggen er å gjera kvardagen lettare for den som måtte trenge det. Med våre eigne erfaringer håpar vi å bidra til at livet ditt kan bli ein suksess. I alle fall vil du alltids kunne føle deg betre, for ditt liv er antakeleg ein større suksess enn våre. Til å byrje med vil vi fokusere på både gleder og sorgar ved det å vera student. Kanskje spesielt sorgar. Men forhåpentleg vil vi alltid kunne kome med eit godt tips. Vi vil også kome innom seriøse tema, men for det meste bør de ikkje ta oss så seriøst. Vi er nemleg dømet på korleis ein ikkje skal gjera det.
Velkomen til verda til to jenter som prøvar sitt beste for å meistre livet, men som som regel ikkje får det til.
xoxo Jenny Marit
Subscribe to:
Posts (Atom)